Villsauboka  i nytt opplag!  Tinging tlf 48126752


Villsaudrifta breier om seg og er den landbruksproduksjonen med størst vekst. Stadig fleire bønder  starter opp med gammalnorsk sau i utegang. Nokre få er heilt nye som bønder, men dei fleste skifter ut meir intensiv produksjon med ekstensiv drift basert på utmarksressursar. Villsaubøndene tek landet langs kysten i bruk igjen, med positive følgjer for kulturlandskap og næringsutvikling.


I opne lyngheiar har folk livnært seg i generasjonar ved å hushalde med ressursane.

Gardane var berekraftige, innsats balanserte med uttak. Den gammalnorske sauen er tilpassa denne driftsforma, han produserer både kjøt, mjølk, skinn og ull på heilt marginale ressursar. Stadig større del av norsk matproduksjon er basert på matjord i andre land og på høgt oljeforbruk. Villsaudrift er ein framtidsretta produksjon der utmarka er produksjonsgrunnlaget. Sauene får sine naturlege behov stetta, har ein balansert produksjon og heldt seg friske og trivelege.


Behovet for kompetanse er stor, villsaudrift krev at ein tenkjer annleis både kring dyra og ressursane. I villsauboka finn ein kunnskap om sauen sitt opphav, om vår felles historie med sauen og om korleis dei siste av desse norrøne korthalesauene vart berga.


I boka sitt avlskapittel er gammal lære kring sauefargar henta fram att og sett i nytt lys av ny kunnskap. Her finn ein også råd om korleis ein bør drive avl på den gammalnorske sauen eller korleis ein kan unngå innavl.


Mons Kvamme har skrive eit kapittel om lyng og stell av lyngheiene. Dette er første gang ein kan lese så omfattande om skjøtsel av lynghei på norsk. Dette er særs viktig kunnskap for å ta vare på våre siste truga lyngheier og for å gje villsauen gode vilkår.


Anders Braanaas har skrive eit kapittel om korleis ein kan skjøtte innmarka på eit kystbruk. Med god drift av innmarka kan ein få god produksjon sjølv med marginale ressursar, her handlar det også om godt hushald.


Eit heilt kapittel i boka fortel om korleis sauen ter seg, du blir her kjend med sauen. Dette er ny kunnskap, her har sjølv røynde sauefolk mykje å lære. Forfattaren ønskjer med dette å gje oss eit betre forhold til og større respekt for sauen.


Det er også mykje spanande ny kunnskap kring sauen sine beiteval og verdien av ymse vekstar i utmarka. Eit eige kapittel handler om fôring av gammalnorsk sau dersom det er naudsynt. Det er avgjerande at ein tek omsyn til denne sauen sitt særpreg om ein skal fôre optimalt.


Det mest praktisk retta kapittelet er kring villsauen sin årssyklus. Dette er morosam og nyttig lesnad for alle sauefolk. Her finn ein mykje nyttig informasjon omkring sauestell og drifta generelt. I boka er det også eit kapittel om sauen sin velferd med samanfatta og nyttig info om dyrvelferd, lover og reglar.


Sist i boka finn ein meir om villsauull og ulla sin kulturhistorie. Her deler Karin Svarstad sin ullkompetanse med deg og gjev inspirasjon til bruk av villsauulla.


Boka kan kjøpast hos forfattaren Hilde Buer; hilbuer@online.no eller per tlf 48126752  og 40103521


Veil utsalgspris  400,-   Frakt/porto  65,-







































Omtale av boka:

http://www.nsg.no/forsiden/villsauboka-er-kommet-article2779-364.html


http://mobil.tk.no/nyheter/article5677617.ece